Krumkaker
Foto: Jonathunder

Krumkaker er eit tradisjonelt norsk bakverk av tynne, sprø kakeflak med bøygd form som ei skål eller kjegle. Kakene kan serverast som kaffimat og som julebakst. Dei kan serverast med molter eller moltekrem eller med iskrem.

Utstyr rediger

Krumkakejern og ein kjegleforma pinne eller ei skål.

Ingrediensar rediger

  • 4 egg
  • 175 g sukker
  • 200 g meierismør (romtemperert)
  • 250 g kveitemjøl
  • 45-60 ml kaldt vatn (3-4 ss)
  • 1 ts kardemomme (ca. 2 g)

Framgangsmåte rediger

  1. Smør og sukker skal røyrast lyst.
  2. Bland kardemomme i kveitemjølet.
  3. Røyr inn eit og eit egg i smørblandinga skiftevis med kveitemjølet.
  4. Vatnet tar ein i til slutt.

Legg ei skei med kakerøre i krumkakejernet og klem det saman. Steik kakene lysgule på kvar si side. Krum dei rundt pinnen eller ned skåla når kakene framleis er varme og mjuke.

Eksterne lenker rediger

  Krumkake – artikkel på Wikipedia på nynorsk
  Krumkake – artikkel på Wikipedia på bokmål
Kokebok

Stilmanual • Innholdsregister • Råvarer • Matlagingsmål • Bakst • Desserter • Drikke • Fiskeretter • Fjærkre • Glutenfri • Godteri • Grunnoppskrifter • Grønnsaker • Grøt • Jul • Kjøttretter • Melkemat • Pannekaker • Pasta • Pizza • Sauser • Småretter • Smørbrød • Sopp • Supper • Tilbehør •