Naturfag for ungdomstrinnet/9/abort

Abort rediger

Abort er når eit foster forlet den gravide kvinna sin kropp før lungene til fosteret er utvikla nok til at fosteret kan puste sjølv. Fosteret vil då døy, når det ikkje lenger får næring og oksygen frå den gravide kvinna sin kropp, gjennom livmora, morkaka og navlestrengen.


Eit anna ord for abort er svangerskapsavbrot.


Provosert abort og spontan abort rediger

Vi skil mellom to typar abort: Framprovosert abort og spontan abort

Framprovosert abort er når fosteret med menneskemakt blir fjerna frå livmora slik at fosteret døyr. Eit anna ord for framprovosert abort er fosterfordriving.

Spontan abort er abort som skjer av seg sjølv. Det er når fosteret forlet eller blir støytt ut av livmora utan at menneske med vilje har gjort noko for at det skal skje.