Naturfag for ungdomstrinnet/9/repetisjon

9. trinn: Repetisjon frå 8. klasse rediger

Stoff (kjemi) rediger

  • Partikkelmodellen seier at alle stoff er bygd opp av partiklar. Ein partikkel er den minste delen som stoffet kan delast opp i. Vi kan seie det slik: Partiklane er sjølvstendige, mikroskopiske bitar av stoffet.
    • Vatn, til dømes, består av små vatnpartiklar. Desse kallar vi vatnmolekyl.
    • Eit molekyl er ein partikkel som er sett saman av fleire atom.
    • Eit atom er den minste biten som eit grunnstoff kan delast i.

Kva er kjemi rediger

  • Kjemiske reaksjonar skil seg frå fysiske endringar ved at i ein kjemisk reaksjon vert nye stoff danna.
  • I kjemiske reaksjonar blir kjemiske bindingar mellom atom brotne opp, og/eller kjemiske bindingar mellom atoma vert oppretta.


Astronomi rediger

  • Ei stjerne er ein lysande prikk som har sin faste plass på himmelen.
  • Vi ser ikkje stjernene om dagen, fordi lyset frå dei er for svakt. Lyset frå sola lyser opp heile himmelen og blender for stjernelyset.
  • Ei stjerne er ein prikk, uansett kor mykje vi forstørrar opp.
  • Ved å undersøke lyset frå stjernene, har forskarande funne ut at det er akkurat samme typen lys som blir sendt ut frå sola. Lyset frå sola har same kjenneteikn som lys frå glødande hydrogen- og helium-gass.
  • I følgje den rådande teorien er stjerner brennande ballar av gass millionar av kilometer borte frå oss.