Wikilæreboken i samfunnsfag/Historie for elever frem til 7.årstrinn
Du er her: Wikilæreboken i Samfunnsfag > Historie for elever frem til 7.årstrinn
Hovudområdet dreier seg om undersøking og drøfting av korleis menneske og samfunn har forandra seg gjennom tidene. Historie omfattar korleis menneske skaper bilete av og formar si eiga forståing av fortida. Å utvikle historisk oversyn og innsikt og å øve opp ferdigheiter for kvardagsliv og deltaking i samfunnet er sentrale element i hovudområdet.
Mål for opplæringen er at eleven etter 7.årstrinn skal kunne
- 7.1 - bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline
- 7.2 -presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike ståstader
- 7.3 -skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i
- 7.4 -utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar
- 7.5 -fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida, og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden
- 7.6 -fortelje om sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane frå vikingtida til slutten av dansketida, og om forholdet deira til statane på Nordkalotten i denne perioden
- 7.7 -gjere greie for kva for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved historia og levekåra til minoritetane
- 7.8 -lage visuelle framstillingar av to eller fleire tidlege elvekulturar ved hjelp av digitale verktøy
- 7.9 -undersøkje greske og romerske samfunn i antikken og finne døme på korleis kulturen deira har påverka vår eigen kultur
- 7.10 -gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa, og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga
- 7.11 -bruke historiske kart og framstille oppdagingsreiser som europearar gjorde, skildre kulturmøte og samtale om korleis dei ulike kulturane opplevde møtet
Her forsøker vi å systematisere og samle det mangfold av ressurser man kan finne på internett for elever frem til 7.årstrinn: